Ved Ronderne [English translation]

Songs   2024-07-07 19:58:09

Ved Ronderne [English translation]

No ser eg atter slike Fjell og Dalar,

Som deim eg i min förste Ungdom såg,

Og sama Vind den heite Panna svalar;

Og Gullet ligg pa Snjo, som för det låg.

Det er eit Barnemål, som til meg taler,

Og gjer meg tankefull, men endå fjåg.

Med Ungdomsminne er den Tala blandad;

Det ströymer på meg, so eg knapt kan anda.

Ja, Livet ströymer på meg, som det ströymde,

Når under Snjo eg såg det gröne Strå.

Eg dröymer no, som för eg altid dröymde,

Når slike Fjell eg såg i Lufti blå.

Eg glöymer Dagsens Strid, som för eg glöymde,

Når eg mot Kveld af Sol eit Glimt fekk sjå.

Eg finner vel eit Hus, som vil meg hysa,

Når Soli heim til Notti vil meg lysa.

See more
Norwegian Folk more
  • country:Norway
  • Languages:Norwegian, Norwegian (Dano-Norwegian), Swedish
  • Genre:Folk
  • Official site:
  • Wiki:https://en.wikipedia.org/wiki/Music_of_Norway
Norwegian Folk Lyrics more
Norwegian Folk Also Performed Pyrics more
Excellent Songs recommendation
Popular Songs
Copyright 2023-2024 - www.lyricf.com All Rights Reserved