Den Bakvendte Visa
Den Bakvendte Visa
Eg beisla min støvel, eg sala mitt «sverd»
so batt eg merra med sia,
så reiste eg meg tilkattemords-ferd
skulle stanse den fårlege strida.
(REF)
Eg låg og eg datt, eg drøymde i natt
eg tykte den visa var bakvend radt.
Og reven var raud, og ikorn var snaud
det var tvo dyr uti skogen.
Der sto tvo ikorn og tamde ein bjønn
dei ville vel hava'n for plogen.
(REF)
Og laksen uppi furutopp
han braut smålauvet av greinar
og ikorn nedpå havsens bott
skulle bryte upp store småsteinar.
(REF)
Snigelen låg uppå høge hei
og stanga ned skyi med honni.
Og reven hadd fenge fotverk
no kom han kje heimat til bonni.
(REF)
Kobben han var gjetarsvein
han skulle gå etter sauom.
Der sto ein stein på fire bein
han sat og tvo seg i auom.
So kom der fram ei gråsala geit
var avhogne alle tri beini
so sende dei henne til Dovrefjell
å verje mot alle gråbeinar.
(REF)
So kom der fram ein gamal blind mann
skulle sjå kor det lei no med tii.
Og månen han gol og stjernone song
og gauken han skein borti lii.
(REF)
Så gjekk eg meg til kyrkjehus
der sto tvo messar og presta
det brann ein klokkar og sang tvo ljos
der ringde tvo raudmåla hestar.
- Artist:Erik Bye