Sporven [Icelandic translation]

  2024-06-25 23:36:13

Sporven [Icelandic translation]

Småsporven gjeng i tunet

og tippar korn og ribbar strå,

og hev så god ein une

og ler åt katten grå.

Pip, pip, det så seg lagar,

alle dagar

at Monsemann meg jagar,

men kan meg aldri få.

Eg er så lett på vengen,

og Mons må sleikja seg om trut;

kvitt, kvitt, den gamle drengen,

han fekk så mang ei sut.

Og om i vide ringar,

hauken svingar,

eg burt meg kverv og kringar,

og slepp av leiken ut.

Eg lever dagar lette

og er fornøgd, å ja, å ja!

Kvar dag eg fær min mette,

som eg det best vil ha.

Pytt, pytt, kven spør om føda?

Nok i løa!

Der ligg den rike grøda;

der kan eg berre ta.

Og titt eg fær i joli

ein godbit fin av Veslemøy;

og frys det, hev eg skjol i

det gode varme høy.

Og så kvitt, kvitt, gomå´rn!

Så kjem våren;

da fri på vengen boren

eg byggjer reir på øy.

See more
Arne Garborg more
  • country:Norway
  • Languages:Norwegian, Dutch
  • Genre:Poetry
  • Official site:
  • Wiki:https://en.wikipedia.org/wiki/Arne_Garborg
Arne Garborg Lyrics more
Excellent recommendation
Popular
Copyright 2023-2024 - www.lyricf.com All Rights Reserved