Eg såg ein Kristi pilgrim lyrics
Eg såg ein Kristi pilgrim lyrics
Eg såg ein Kristi pilgrim på veg til Sions stad,
Han hadde ferdabunad og var så hjarteglad,
Og alle sine synder han la ved korsets fot,
Og Kristi blod, det dyre, gav honom kraft og mot.
Eg så ved middagsstunda han skunda på si ferd
Til fagre himmellandet, der jubelsongen er.
I ”berget” fann han honning, av ”livsens elv” han drakk,
Han var så sæl av lukke, hans hjarta full av takk.
Eg såg då dagen halla, han skunda meire fram,
Oppetter bratte fjella mot siste nut og kam.
Ja, alltid fram han skunda, for heimatt bar hans veg,
Og under ferda song han: Snart skal eg kvila meg.
Eg honom såg om kvelden då sola seig i hav,
Han hadde vunne over og peika med sin stav.
No såg han gylne byen, sin heimstad æveleg,
Med himmelherlegdomen der ventande på meg.
Han høyrde jubelsongen til heilag harpeljod:
Høglova vere Jesus, som vann meg med sitt blod!
Då såg han seg attende og helsa sitt farvel:
No har eg striden vunne, no er eg evig sæl
.
- Artist:Kirsten Bråten Berg