Våren [English translation]

Songs   2024-12-25 09:10:26

Våren [English translation]

Enno ein Gong fekk eg Vetren at sjå,

for Våren at røma;

Heggen med Tre som der Blomar var på,

eg atter såg bløma.

Enno ein Gong fekk eg Isen at sjå,

frå Landet at fljota,

Snjoen at bråna, og Fossen i Å,

at fyssa og brjota.

Graset det grøne eg enno ein Gong,

fekk skoda med blomar.

Enno eg høyrde at Vårfuglen song,

mot Sol og mot Sumar.

Enno ein Gong den Velsignad eg fekk,

at Gauken eg høyrde.

Enno ein Gong ut på Åkren eg gjekk,

der Plogen dei kjøyrde.

Enno ein Gong fekk eg skoda meg varm,

på Lufti og Engi;

Jordi at sjå som med lengtande Barm,

at sukka i Sængi.

Vårsky at leika der til og ifrå,

og Skybankar krulla.

So ut av Banken tok Tora til slå,

og kralla og rulla.

Sågiddren endå meg unntest at sjå,

på Vårbakken dansa.

Fivreld at floksa og fjuka ifrå,

der Blomar seg kransa.

Alt dette Vårliv eg atter fekk sjå,

som sidan eg miste.

Men eg er tungsam og spyrja meg må:

tru det er det siste?

Lat det so vera: Eg myket av Vænt,

i Livet fekk njota.

Meire eg fekk en eg havde fortent,

og Alting må trjota.

Eingong eg sjølv i den vårlege Eim,

som mettar mit Auga.

Eingong eg der vil meg finna ein Heim,

og symjande lauga.

Alt det som Våren imøte meg bar,

og Blomen eg plukkad'.

Federnes Ånder eg trudde det var,

som dansad' og sukkad'.

Derfor eg fann millom Bjørkar og Bar,

i Våren ei Gåta;

derfor det Ljod i den Fløyta eg skar,

meg tyktest at gråta.

  • Artist:Sissel
  • Album:Sissel (1986)
See more
Sissel more
  • country:Norway
  • Languages:Norwegian, English, Swedish, Italian, Russian
  • Genre:Classical, Pop
  • Official site:http://www.sissel.net/
  • Wiki:http://en.wikipedia.org/wiki/Sissel_Kyrkjeb%C3%B8
Sissel Lyrics more
Sissel Featuring Lyrics more
Sissel Also Performed Pyrics more
Excellent Songs recommendation
Popular Songs
Copyright 2023-2024 - www.lyricf.com All Rights Reserved