Blåbær-Li lyrics

Songs   2024-11-26 05:29:39

Blåbær-Li lyrics

Nei sjaa, kor det blaaner her!

No maa me roe oss, Kyra!

Aa nei, slike fine Bær,

og dei, som det berre kryr a'!

Nei Maken eg hev kje sét!

Sùmt godt her er daa til Fjells.

No vil eg eta meg mett;

her vil eg vera til Kvelds!

Men kom no den Bjønnen stor!

- Her fekk bli Rom aat oss baae.

Eg torde kje seia eit Ord

til slik ein røsjeleg Vaae.

Eg sa berre: "ver so god!

No maa du kje vera bljug!

Eg læt deg so vel i Ro;

tak for deg etter din Hug."

Men var det den Reven rau,

so skuld' han faa smaka Staven;

eg skulde banke han daud,

um so han var Bror til Paven.

Slikt skarve, harmelegt Sleng!

Han stèl baade Kje og Lam.

Men endaa so fin han gjeng

hev korkje Agg hell Skam.

Men var det den stygge Skrubb,

so arg og so hol som Futen, --

eg tok meg ein Bjørkekubb

og gav han ein god paa Snuten.

Han reiv sund Sauir og Lam

for Mor mi so traadt og tidt;

ja sant! um han berre kom,

so skuld' han so visst faa sitt.

Men var det den snilde Gut

der burte fraa Skare-Bròte,

han fekk vel ein paa sin Trut, --

men helst paa ein annan Maate.

Aa Tøv, kva tenkjer eg paa!

Det lid nok paa Dagen alt...

Eg maa til Buskapen sjaa; --

ho "Dokka" drøymer um Salt.

See more
Edvard Grieg more
  • country:Norway
  • Languages:Norwegian, Danish, Norwegian (Dano-Norwegian)
  • Genre:Classical
  • Official site:
  • Wiki:http://en.wikipedia.org/wiki/Edvard_Grieg
Edvard Grieg Lyrics more
Edvard Grieg Also Performed Pyrics more
Excellent Songs recommendation
Popular Songs
Copyright 2023-2024 - www.lyricf.com All Rights Reserved