Völuspá [Norwegian translation]

Songs   2024-12-23 21:47:16

Völuspá [Norwegian translation]

1

Høyr, bed eg alle helga ætter,

større og mindre ungar av Heimdall.

Det vil du, Valfader, at eg vel skal fortelja,

forne soger fremst i minnet om menn.

3

År var unge der Yme bygde.

Der var ikkje sand, eller sjø, eller svale bårer.

Jord fanst ikkje, ei heller himmel.

Gapet var djupt, gras var ingenstad.

57

Sol svartnast, land sig i havet,

av himmelen kverv dei klåre stjernene.

Eld og eim herjar veksten.

Høgt leikar heita i sjølve himmelen.

45/47

Brør skal berjast og banesår byta.

Syskenborn skal ætteband spilla.

Aldrande Yggdrasil ask står og skjelv.

Treet sukkar, medan jotunen losnar.

44

No gøyr Garm mykje ved Gnipa-hella.

Festet skal slitna og Freke renna.

Mangt veit eg vidare, lengre fram ser eg,

til ramme Ragnarok og gudar stridast.

59

Ho ser koma opp andre gongen

jord or havet, atter grønande;

fossar falla, ørn flyga over,

som på fjellet veider fiskar.

64

Ho ser ein sal stå, fagrare enn sola,

gull-tekt der på Gimle.

Der skal dydige drottar byggja,

og igjennom aldrane ynde nyta.

See more
Wardruna more
  • country:Norway
  • Languages:Norwegian, Old Norse/Norrønt, Icelandic
  • Genre:Folk, Trance/Ambient
  • Official site:http://www.wardruna.com/
  • Wiki:https://en.wikipedia.org/wiki/Wardruna
Wardruna Lyrics more
Wardruna Also Performed Pyrics more
Excellent Songs recommendation
Popular Songs
Copyright 2023-2024 - www.lyricf.com All Rights Reserved