Gud signe vårt dyre Fedreland

Songs   2024-12-26 11:19:27

Gud signe vårt dyre Fedreland

Gud signe vaart dyre Fedraland

Og lat det som Hagen bløma!

Lat lysa din Fred fraa Fjell til Strand

Og Vetter fyr Vaarsol røma!

Lat Folket som Brøder saman bu,

Som Kristne det kann seg søma!

Vaart Heimland i Myrker lenge laag,

Og Vankunna Ljoset gøymde.

Men Gud, du i Naade til oss saag,

Din Kjærleik oss ikkje gløymde:

Du sende ditt Ord til Norigs Fjell,

Og Ljos yver Landet strøymde.

Og Norig det ligg vel langt i Nord,

Og Vetteren varer lenge;

Men Ljoset og Livet i ditt Ord

Det ingen kann setja Stenge.

Um Fjellet er høgt og Dalen trong,

Ditt Ord heve daa sitt Gjenge.

So blømde vaart Land i Ljos og Fred,

Det grodde saa grønt i Lider,

Men atter seig Natt paa Landet ned

Med Trældom og tunge Tider.

Og Folket det sukka etter Ljos,

Og du lyste upp umsider.

Og Morgonen rann, og Myrkret kvarv,

Som lenge vaar Lukka skygde,

Du atter oss gav vaar Fridoms Arv

Og honom i Trengsla trygde.

Du verna vaart Folk og gav oss Fred,

Og Landet med Log me bygde.

Vil Gud ikkje vera Bygningsmann,

Me faafengt paa Huset byggja.

Vil Gud ikkje verja By og Land,

Kann Vaktmann oss ikkje tryggja.

So vakta oss, Gud, so me kann bu

I Heimen med Fred og Hyggja!

No er det i Norig atter Dag

Med Vaarsol og Song i Skogen.

Um Sædet enn gror paa ymist Lag,

Det brydder daa etter Plogen.

So signe daa Gud det gode Saad,

Til Groren ein Gong er mogen!

See more
National Anthems & Patriotic Songs more
  • country:
  • Languages:English, Spanish, Arabic, French+163 more, Russian, Turkish, Italian, Portuguese, Chinese, German, Bulgarian, Romanian, Persian, Bosnian, Serbian, Other, Greek, Finnish, Korean, Georgian, Malay, Ukrainian, Kazakh, Frisian, Vietnamese, Somali, Armenian, Turkmen, Azerbaijani, Belarusian, Croatian, Norwegian, Chechen, Albanian, Sardinian (northern dialects), Hungarian, Dutch, Pashto, Swahili, Catalan, Dari, French (Haitian Creole), Bengali, Latin, Greenlandic, Esperanto, Kyrgyz, Lao, Berber, Swedish, Afrikaans, Papiamento, Sesotho, Samoan, Basque (Modern, Batua), Hebrew, Sardinian (southern dialects), Danish, Romani, Italian (Medieval), Thai, Latvian, Polish, Slovak, Lithuanian, Slovenian, Tamil, Nepali, Uyghur, Estonian, Venetan, Uzbek, Occitan, Tibetan, Sicilian, Mongolian, Khakas, Corsican, Sakha, Icelandic, Burmese, Tajik, Tatar, Faroese, Sinhala, Gilbertese, Urdu, Altai, Chuvash, Dutch (Middle Dutch), Ladin (Rhaeto-Romance), English Creole (Bislama), Kirundi, Karakalpak, Tagalog (dialects), Khmer, Sanskrit, Kurdish (Sorani), Tokelauan, Macedonian, Tuvaluan, Luxembourgish, Chinese (Classical Chinese), Comorian, Crimean Tatar, Breton, Malagasy, Neapolitan, Xhosa, Czech, Kashubian, Sami, Maori, Palauan, Inuktitut , Zulu, Polish (Masurian dialect), Livonian, Abkhaz, Mongolian (Buryat dialect), Kabyle, Tuvan, Ingush, Chinese (Cantonese), Galician, Adyghe, Hindi, Asturian, Tigrinya, Italian (Southern Italian dialects), Montenegrin, Bashkir, Aramaic (Modern Syriac Dialects), Maltese, Ligurian, Gagauz, Kurdish (Kurmanji), Niuean, Cornish, Filipino/Tagalog, Amharic, Kalmyk, Avar, Welsh, Japanese, Fijian, Tahitian, Maldivian (dhivehi), Ossetic, French (Réunion Creole), Upper Sorbian, French (Seychellois Creole), Dzongkha, Cree, Chamorro, Indonesian, Cebuano, Chewa, Aramaic (Syriac Classical), Udmurt, Rarotongan, Sranan Tongo, Hawaiian, Tongan, Marathi, Tswana
  • Genre:Anthems
  • Official site:
  • Wiki:http://en.wikipedia.org/wiki/National_anthems
National Anthems & Patriotic Songs Lyrics more
National Anthems & Patriotic Songs Featuring Lyrics more
National Anthems & Patriotic Songs Also Performed Pyrics more
Excellent Songs recommendation
Popular Songs
Copyright 2023-2024 - www.lyricf.com All Rights Reserved