Gamle Norig lyrics

Songs   2024-11-26 12:46:27

Gamle Norig lyrics

Gamle Norig, nørdst i grendom,

er vårt eiget ættarland.

Der er hav, som heilt åt endom

leikar um den lange strand:

der er vikar og votn og øyar,

tusund fjordar og tusund fjell,

snøydor, der sjeldan snjoen tøyar,

dalar, der fossen diger fell.

Leid er vel den lange vetter,

endå grøn vår granskog stend,

og når lauv i lidom spretter,

fagre leter fær vår grend.

Store dagar og stutte næter

lida lett om den ljose jord;

strand og fjord og fjell og sæter

skiner av sol frå sud og nord.

Born av deim, som bygde landet,

er på tuftum endå til;

garden stend i gamle standet,

bygd og bøtt som bonden vil.

Van til møda, meir en til kjæla,

leikar lyden på land og sjo.

Giv han sitje med sømd og sæla

trutt på tuftom i trygd og ro!

  • Artist:Taake
  • Album:Stridens hus
See more
Taake more
  • country:Norway
  • Languages:Norwegian
  • Genre:Metal
  • Official site:https://www.facebook.com/taakeofficial/
  • Wiki:http://en.wikipedia.org/wiki/Taake
Taake Lyrics more
Excellent Songs recommendation
Popular Songs
Copyright 2023-2024 - www.lyricf.com All Rights Reserved